Vikariat assistent

Arbetsbeskrivning

Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt  gjennom heile året. Barnehagen har 83 barn og 24 tilsette fordelt på fem basar. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Visjonen vår er: "Vi gjer kvarandre gode".

Vi søker deg som er aktiv, leiken, omsorgsfull og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du brennande engasjert i barn og ønsker å bidra til å gi dei ein god oppvekst ? Då håper vi at akkurat du skal søke på stillinga hos oss.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn
  • Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
  • Bidra til at kvart enkelt barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
  • Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga / basen, innanfor det gjeldane loveverket og rammene ein har blitt einige om
  • Delta aktivt i barnehagen sitt endrings- og utviklingsarbeid
  • Omsette teoretisk kunnskap til praksis og ta fagleg initiativ i det daglege arbeidet
  • Gjennomføre systematisk observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar
  • Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt

Kvalifikasjonar

  • Gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova §27
  • Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer
  • Levere godkjent politiattest av nyare dato

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som har evne til å:

  • Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring
  • Jobbe sjølvstendig
  • Vere ein pådrivar i det praktiske arbeidet
  • Halde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass og elles vere fagleg oppdatert
  • Jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
  • Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
  • Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
  • Sette seg personlege mål og vere synleg i gruppa
  • Vere ein aktiv, leiken, engasjert og trygg vaksen.
  • Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
  • Halde tidsfristar, møte presis på jobb og vere klar når vakta startar
  • Vere ein god rollemodell, ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar og gode referanser vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju

Vi tilbyr

  • Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
  • Løn etter gjeldande tariff
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Gro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, [email protected]

Arbeidsstad

Gjerdebakken 55
6265 Vatne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5143707601
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 17.07.2026