Sjukepleiar

Arbetsbeskrivning

Vil du bli ein del av eit supert arbeidsmiljø, med faglege og spennande utfordringar, kvar dag?

Sengepost nevrologi har no ledig ei fast stilling i 74%. Her blir du ein del av eit inkluderande og spennande team, med høg fagleg kompetanse. Trivst du å jobbe pasientretta; i team eller sjølvstendig? Er du fleksibel og positiv? Ikke nøl med å søke. 

Vi søker deg som er positiv, framoverlent, arbeidsom og nysgjerrig. 
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, fagleg vekst, varierande og spennande oppgåver, gode kollegaer, og kanskje også venner for livet?

Er du interessert eller har spørsmål om seksjonen; ta kontakt då vel!

Ved interne omrokkeringar, kan andre stillingsstørrelser bli ledige.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til den nevrologiske pasienten
  • Stell og pleie
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Bygge kompetanse og fag
  • Rettleiing av sjukepleierstudentar
  • Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på prosedyrer og retningslinjer på sengeposten
  • News- målinger
  • Observasjon
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjons som sjukepleiar
  • Må beherske norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har ønske om å jobbe med nevrologiske pasientar
  • Du har gode samarbeidsevner, og evner å jobbe både i team og sjølvstendig
  • Du har ei positiv innstilling og har evne til å ta initiativ
  • Du er ansvarsfull, påliteleg, fleksibel og løysingsorientert
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetjing

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitknemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Regionen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon

Monika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, +47 915 73041, [email protected]

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5149350864
Stillingsprosent: 74%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 13.07.2026