Vil du vere med og skape ein trygg, aktiv og inkluderande kvardag for elevane våre? Flekke skule har ledig ei 50 % fast stilling som fagarbeidar i skule og SFO, med tilsetjing etter avtale.
Vi søkjer etter ein engasjert fagarbeidar som trivst saman med barn, er ein tydeleg og trygg vaksen og ønskjer å bidra til eit godt lærings- og oppvekstmiljø.
Skulen og barnehagen er samlokaliserte og har eit godt samarbeid. Vi har eit roleg og oversiktleg miljø der alle elevane vert godt kjende av dei vaksne. Nærmiljøet vert nytta aktivt, og vi er mykje ute gjennom heile året. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer, der trivsel, samarbeid og utvikling står i sentrum.
Vi ser etter deg som:
Det blir lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Kommunen arbeider aktivt for god kjønnsbalanse i arbeidsmiljøet. Menn vert oppmoda om å søkje.
Vi gjer merksam på at søkjarlista som hovudregel er offentleg. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegsøkjarliste, må dette grunngjevast i søknaden. Dersom ønsket ikkje vert teke til følgje, vil du få høve til åtrekkje søknaden før søkjarlista vert offentleg.