Erfjord skule er ein 1. – 7. skule med om lag 75 elevar. Skuleåret 2026 – 2027 består laget vårt av om lag 8 årsverk lærarstillingar, 4 årsverk fagarbeidarstillingar, og 1,3 årsverk leiing.
Suldal kommune Helse & Oppvekst,fortida lokasjon Erfjord skule søkjer etter vikar i 80% stilling med oppstart så snart som mogleg.
Stillinga er knytt til eitt team kring enkeltbarn. Som fagleiar i teamet, vil ditt arbeid vera å koordinera, rettleia og følgja opp medarbeidarar i teamet. Du vil i samarbeid med rektor ha hovudansvar for kommunikasjon med heimen og støtteinstansar kring enkeltelev.
Som teamleiar vil du jobba administrativt deler av tida, men i det ordinære og på dagleg basis også vere del av opplæringsmiljøet.
Samarbeids-møter med leiinga. Rapportere oppover og iverksette vedtak nedover.
Ha hovudansvar for kommunikasjon med heim og støtte-instansar kring eleven, i samarbeid med rektor.
Utarbeide tiltak, rutinar og instruksjonar til bruk i dagleg drift
Ha ansvaret for å planlegge og lede felles statusmøter med leiing, støtte-instansar og andre deltakarar i laget rundt barnet
Ha ansvar for å planlegge og lede jamnlege utviklingsmøter i teamet. Fokus på felles kompetanseheving, å bygge laget og utvikle felles praksis.
Modellere og instruere teamet om praktisk handtering i elevmiljø
Informere ut, kurse og rettleie øvrig personalgruppe og føresettgrupper etter behov
3-årig bachelor innan helse – og sosialfaglege yrker eller pedagogikk, som t.d. offentleg godkjend barnevernspedagog, vernepleiar, sjukepleiar eller lærar.
Tilleggsutdanning på høgskulenivå innanfor eitt eller fleire felt som t.d. førebygging og handtering av atferd, barne- og ungdomspsykiatri, sosial-pedagogikk eller spesialpedagogikk
Det er også eit føremon om du har leiarerfaring.
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «Send søknad» og følg vidare instruksjonar.
Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her