Vassenden skule har ledige stillingar

Arbetsbeskrivning

Vassenden skule er ein 1-10 skule med eiga SFO- avdeling. Vi satsar på PALS som verktøy for inkluderande praksis, vurdering, byrjaropplæring, tverrfagleg undervisning, og fysisk aktiv læring (FAL) i alle klassar. Vi har nye skulebygg, idrettshall og godt skule- og arbeidsmiljø. Vi er opptatt av aktiv bruk av lokalmiljøet i både undervisninga vår og i arbeidet på SFO. 

Vi har følgande ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar/assistent:

  • 89 % fast stilling frå 4. oktober 2026, med arbeid i skule og SFO
  • 30 % årsvikariat. Hovudsakleg arbeid på ungdomsskule, med arbeid måndag, onsdag og fredag. 
  • 16 % årsvikariat i SFO, med arbeidstid måndag og onsdag etter kl. 12.00

Tilsetting skjer med atterhald om fortrinnsrett for kvalifiserte søkarar i kommunen.

Krav til søkar:

  • ønske om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ikkje eit krav
  • anna relevant utdanning og/eller relevant praksis kan verte vurdert
  • gode norskkunnskapar munnleg og skrifteleg
  • kunne ta del i fysisk aktivitet på elevane sitt aktivitetsnivå
  • må ha interesse for fysisk aktivitet, friluftsliv og kroppsøving

Vi søker deg som:

  • likar å arbeide med barn, legge til rette for inkludering og læring i skule og SFO
  • har erfaring frå arbeid med ulike elevar/elevgrupper med spesielle behov
  • kan arbeide sjølvstendig og systematisk og ha gode samarbeidsevner
  • er fleksibel og engasjert
  • er ein tydeleg og trygg vaksen med god relasjonskompetanse

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi oppmodar menn til å søke på grunn av balanse i kjønnsfordeling.

Generelt for stillingane:

  • stillingane inneber oppfølging av elevar med spesielle behov, som t.d. sosial trening, åtferdsstøtte og stimulering til læring
  • planlegging og gjennomføring av aktivitetar for barnegrupper, ute og inne
  • det kan bli aktuelt å jobbe i delar av skulen sine feriar på SFO
  • Stillingane følger skuleåret

Vi tilbyr:

  • arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver med stor variasjonsbredde
  • godt fagleg og sosialt miljø
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • god pensjonsordningar- og forsikringsordning

Du søker elektronisk. Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju og referansar vert innhenta.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 


Link til søknadsskjema: Søk her