Vi søkjer
Vikarar og faste tilsette som kan jobba i helger og feriar. Det er eit ynskje å knyta til seg studentar som held på med utdanning med tanke på framtidig rekruttering i kommunen.
Kvinnherad kommune vil som ledd i rekrutteringsarbeid tilby ordning med stipendløn for helsefagleg høgskuleutdanning og lærarutdanning. Dette vil vera eit alternativ til dei ordningane som allereie fins i strategisk kompetanseplan og ordningane kan ikkje kombinerast.
Tilsette som allereie har avtale som går ut 31.08.26 må søkja på nytt. Tiltreding 01.09.2026.
Stipendordning:
Dette er ei ordning der studentar får eit stipend på kr. 2000,- kvar mnd. i tillegg til ordinær løn for fast helg og ferievikariat. For å få ein slik avtale må det lagast avtale mellom student og Kvinnherad kommune. Avtalen følger skuleåret og forutsetter at studenten forpliktar seg å jobba 5 veker i ferieperioden om sommaren og 16 helger med ordinære vakter i løpet av perioden. Dette inkluderer helger ein jobbar på sommaren. Om ein treng permisjon grunna praksis og eksamen skal desse helgene flyttast til periodar det passar for avdelinga og studenten.
Bindingstida er 12 månader frå oppstart av ordninga.
Personlege eigenskaper
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.