Vil du jobbe på avgiftningsposten der du får kome tett på pasienten?
På avgiftningsposten – Avdeling for rus og avhengigheit (ARA) – møter du vaksne pasientar som har korte innleggingar med medisinsk og medikamentell oppfølging, i tillegg til miljøterapeutiske og sosiale tiltak. Vi har lokale i Haugesund og er ein del av klinikk for psykisk helsevern og rus.
Vi ser etter deg som skaper tryggleik og tillit, samarbeider godt og er ein lojal og trygg kollega – med rausheit, godt humør og tydeleg kommunikasjon. Du jobbar godt saman med andre, men står òg stødig åleine når det krevst, og du er opptatt av ryddig og god dokumentasjon.
Hos oss blir du del av eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og trivst på arbeidsplassen vår.
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med funksjonsleiar Kathrin Bjånes på på e-post eller telefon frå 03.08.2026.
👉 Du er velkomen til å søkje.
Turnus dag/kveld med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
Det er ein fordel med:
Vi ser etter deg som er oppriktig engasjert i pasientgruppa, og som byggjer tillit gjennom godt samarbeid. Du er ein lojal og trygg kollega som skaper gode relasjonar, kommuniserer klart og møter både pasientar og kollegaer med rausheit og godt humør.
Du trivst i team, jobbar òg sjølvstendig når det trengst, og står stødig i krevjande situasjonar – med ryddig journalarbeid og god informasjonsflyt.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Hos oss får du: