Sjukepleiar/spesialsjukepleiar – er du vår nye kollega?

Arbetsbeskrivning

Vil du jobbe på avgiftningsposten der du får kome tett på pasienten?

På avgiftningsposten – Avdeling for rus og avhengigheit (ARA) – møter du vaksne pasientar som har korte innleggingar med medisinsk og medikamentell oppfølging, i tillegg til miljøterapeutiske og sosiale tiltak. Vi har lokale i Haugesund og er ein del av klinikk for psykisk helsevern og rus.

Vi ser etter deg som skaper tryggleik og tillit, samarbeider godt og er ein lojal og trygg kollega – med rausheit, godt humør og tydeleg kommunikasjon. Du jobbar godt saman med andre, men står òg stødig åleine når det krevst, og du er opptatt av ryddig og god dokumentasjon.

Hos oss blir du del av eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og trivst på arbeidsplassen vår.

Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med funksjonsleiar Kathrin Bjånes på på e-post eller telefon frå 03.08.2026.  

👉 Du er velkomen til å søkje.

Turnus dag/kveld med arbeid kvar 3. helg.


Kva går jobben ut på?

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • Miljøterapeutisk arbeid i det daglege.
  • Vere ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeidet med pasientgruppa.
  • Gå i ansvarsvakt og bidra til god flyt, prioritering og samarbeid i vakta.
  • Sikre trygg og forsvarleg medikamenthandtering i tråd med gjeldande rutinar.
  • Samarbeid med interne fagmiljø og eksterne instansar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Det er ein fordel med:

  • Vidareutdanning innan fagområdet og/eller erfaring frå rusbehandling.
  • Relevant kunnskap om farmakologien til ulike rusmiddel.
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som er oppriktig engasjert i pasientgruppa, og som byggjer tillit gjennom godt samarbeid. Du er ein lojal og trygg kollega som skaper gode relasjonar, kommuniserer klart og møter både pasientar og kollegaer med rausheit og godt humør.

Du trivst i team, jobbar òg sjølvstendig når det trengst, og står stødig i krevjande situasjonar – med ryddig journalarbeid og god informasjonsflyt.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Eit arbeidsmiljø der vi trivst, støttar kvarandre og har det godt saman.
  • Høg fagleg kompetanse og engasjerte kollegaer.
  • Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling.
  • Ein arbeidsplass som legg vekt på inkludering og mangfald.
  • God rettleiing og opplæring.

Kontaktinformasjon

Kathrin Bjånes, Funksjonsleiar, +47 41863835, [email protected]

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5152028704
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026