Bygstad barnehage har ledige stilling

Arbetsbeskrivning

Vil du være med å lage eventyrlege barnehagedagar for barna våre? Då må du sjå her!

Vårt mål er trygge barn, som trivast. Vi ynskjer å gje gode vilkår for omsorg, leik, læring og utvikling, og til dette treng vi fleire med på laget.

Bygstad barnehage har fem avdelingar og ligg i flotte og tilgjengelege naturomgjevnader med Bygstad skule som næraste nabo.

Vi har 2 ledige stillingar

  • 100 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar med relevant fagbrev eller assistent.
  • 80 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar med relevant fagbrev eller assistent.

Begge stillingane er ledige frå 14.08.2026.

For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Anne Jorunn Fauske, tlf.  952 34 265 eller på e-post [email protected]

Vi kan tilby deg:

  • god oppfølging av nytilsette
  • deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring
  • systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning

Kjenner du deg igjen i denne beskrivelsen, håpar vi du vil søke på stillingane i barnehagen vår!Kvalifikasjonar:
du har relevant utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant fagbrev
beherskar godt munnleg norsk
personlege eigenskapar vil bli vektlagt
erfaring og interesse for arbeid med barn
du er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barn
du har gode evner til å leie barn
du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid
du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling

Gyldig politiattest må leggast fram før start i stillingane.

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

Du søker elektronisk.

Link til søknadsskjema: Søk her