ID 2464 Vernepleiar ved Sævarhagen avlastningsbustad - Førebyggjande tenester

Arbetsbeskrivning

Har du lyst å gjera ein skilnad i barn og unge sine liv? Då er dette stillinga for deg -- bli med på laget vårt!

Sævarhagen avlastingsbustad gir tilbod til barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar. Brukarane mottek tenester etter individuelle vedtak etter Helse-- og omsorgstenestelova. Arbeidet består i å skapa gode dagar gjennom eit fagleg og systematisk arbeid med kvart einskild barn og ungdom i samråd med føresette, ulike andre aktørar og ikkje minst dine gode kollega. Me har nye, flotte fasilitetar i Sævarhagen på Stord.

**Me har ledig fast 100% stilling for vernepleiar.**Stillinga har todelt turnus, arbeid 4. kvar helg med langvakter

Me ynskjer deg som:

  • Har høgt engasjement for barn og unge, og gjerne erfaring med brukargruppa

  • Har stor arbeidskapasitet og er fleksibel

  • Vil vera med å ta ansvar og ha ulike koordinatoroppgåver for våre barn og ungdommar

  • Som lyttar til barnet/ungdommen sin kommunikasjon med respekt og vil samhandla med barnet/ ungdommen til å løysa ulike oppgåver og utfordringar saman

  • Som likar å vera ein lagspelar og arbeida systematisk saman med resten av laget rundt barnet

  • Har kjennskap til, og helst erfaring, med alternativ supplerande kommunikasjon - ASK

  • Du har gjerne interesse for bruk av musikk som eit miljøterapeutisk tiltak

Kvalifikasjonskrav:

  • Norsk autorisasjon som vernepleiar eler sjukepleiar

  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

  • Ein må framlegge godkjent politiattest av ny dato ved tilsetjing.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Me kan tilby:

  • Moglegheita til å vera med å forma framtida sitt avlastningstilbod i Stord kommune

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Moglegheita til å vera med å forma framtida sitt avlastningstilbod i Stord kommune

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.