Smittevernarbeidet i Helse Møre og Romsdal er organisert som ein føretaksdekkande funksjon i fagavdelinga. Stillinga har ansvar for smittevernarbeidet i heile helseføretaket, på tvers av sjukehus, klinikkar og fagmiljø.
Smittevernkoordinerande overlege blir formelt ansatt i Seksjon for helsetenesteutvikling, men rapporterar fagleg direkte til fagdirektør i smittevernfaglege spørsmål. Rolla har ikkje personalansvar, men har det overordna medisinskfaglege ansvaret for smittevernarbeidet i føretaket og er fagleg leiar for rådgivarane innan smittevern.
Smittevernrådgivarane består av 5 medarbeidarar i totalt 4,5 årsverk. Dei er lokalisert ved føretakets ulike sjukehus men er organisatorisk samla i Seksjon for helsetenesteutvikling. Smittevernarbeidet blir utført i tett samhandling mellom smittevernkoordinerande overlege og smittevernrådgivarane, der den daglege oppgåveløysinga i stor grad skjer i samarbeid.
Som smittevernkoordinerande overlege vil du ha ei sentral rolle i både den løpande drifta og den faglege utviklinga av smittevernarbeidet i helseføretaket. Rolla inneber nært samarbeid med kliniske miljø, leiing, rådgivar smittevern, infeksjonsmedisin og mikrobiologi, og kombinerer strategisk arbeid med operativ oppfølging.
Hovudarbeidsstad for stillinga kan vere Ålesund sjukehus eller SNR Hjelset, etter avtale. Det må reknast med arbeid og nærvær ved fleire av føretaket sine lokasjoner. Det er moglegheit for å kombinere stillinga med klinisk arbeid etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
Du vil arbeide innan følgande hovudområde:
- Fagleg ansvar og rådgiving: Løpande smittevernfagleg rådgiving til leiing, klinikkar og fagmiljø, inkludert handtering av enkeltsaker, smittesporing og smitteverntiltak.
- Kvalitet og system: Ansvar for føretaket sitt infeksjonskontrollprogram, inkludert prosedyrar, etterleving, revisjon og forbetringsarbeid.
- Overvaking og forbetring: Bruk av infeksjonsdata, antibiotikadata og analysar i forbetringsarbeid, pasientsikkerheitsarbeid og prioritering av smitteverntiltak.
- Regelverk og faglege rammer: Bidra til at føretaket sitt smittevernarbeid er i tråd med smittevernlova, relevante forskrifter, nasjonale faglege råd og interne styringssystem.
- Utbrot og beredskap: Fagleg ansvar ved handtering av utbrot og smittevernberedskap, i tett samarbeid med klinikk, leiing, mikrobiologi, infeksjonsmedisin og aktuelle eksterne aktørar.
- Antibiotikastyring: Leie og delta i føretaket sitt antibiotikateam og bidra til riktig antibiotikabruk.
- Opplæring og fagutvikling: Bidra til undervisning, rettleiing og kompetanseheving innan smittevern, antibiotikabruk og infeksjonsførebygging.
- Tverrfagleg samhandling: Bidra i saker der smittevern er knytt til drift, bygg, arealbruk, medisinsk-teknisk utstyr, dekontaminering, innkjøp eller pasientflyt.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Ønskeleg med spesialistgodkjenning i relevant spesialitet; for eksempel medisinsk mikrobiologi, infeksjonsmedisin eller samfunnsmedisin.
- Fordel med relevant erfaring frå smittevernarbeid i spesialisthelsetenesten.
- Ønskeleg med kompetanse innan epidemiologi, helsetenesteassosierte infeksjonar, smittevernberedskap og antibiotikastyring.
- Fordel med erfaring med kvalitetsarbeid, forbetringsarbeid, pasientsikkerheit eller klinisk verksemdutvikling.
- God systemforståing og evne til å arbeide på tvers av klinikkar, fagmiljø og nivå i organisasjonen.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar på tvers av sjukehus, fagmiljø og nivå.
- Trygg i rolla som fagleg rådgivar, med evne til å gi tydelege og praktisk anvendelege anbefalingar.
- Evne til å kombinere strategisk arbeid med løpande operativ oppfølging.
- Strukturert arbeidsform og evne til å gjere klare faglege prioriteringar.
- God vurderingsevne i komplekse problemstillingar og ved tidvis høgt arbeidstempo.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Evne til å motivere, involvere og skape felles forståing for smittevernarbeidet.
Vi tilbyr
- Ei sentral fagleg rolle med føretaksdekkande ansvar for smittevern i Helse Møre og Romsdal.
- Moglegheit til å påverke utviklinga av smittevernarbeidet i eit helseføretak med fleire sjukehus og breie fagmiljø.
- Tett samarbeid med smittevernrådgivarar, infeksjonsmedisin, mikrobiologi, andre kliniske fagmiljø og leiing på ulike nivå.
- Hovudarbeidsstad ved Ålesund sjukehus eller SNR Hjelset, etter avtale.
- Moglegheit for å kombinere stillinga med klinisk arbeid etter nærare avtale, dersom dette er ønskeleg og praktisk mogleg.
- Sterkt tverrfagleg samarbeid og ein inkluderande arbeidsplass.
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomstar.
- Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.
Vi ber om at attestar og vitknemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Erik Ganesh Iyer Søegaard, Fagdirektør, 92454499,
[email protected]
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5151571996
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 17.07.2026