Eining for kultur har ledig fast 24% stilling som badevakt.
Arbeidstida er anna kvar veke på ettermiddag/kveld og i helg. Sjå opningstider for offentleg bading: https://stord.kulturhus.no/symjehallen/
På grunn av samansetjinga av badevaktlaga, ei kvinne og ein mann på kvart lag, ønskjer me ein mann i stillinga.
Arbeids- og ansvarsområde:
Kvalifikasjonskrav:
Gode symjeeigenskapar
Dukka og henta opp dokke eller partnar frå 4 meters djup
Føra i land person og direkte gjennomføra hjarte- og lungeredning på øvingsdokke
Undersøkja medvitslaus og medviten person
Behandla sår og sårskadar
Søkjar må vera over 18 år og snakka godt norsk
Glad i å omgåast menneske
Ha godt humør og vera sørvisinnstilt
Det blir gitt årleg obligatorisk livredningsprøve (teoretisk og praktisk)
For informasjon om stillinga, kontakt einingsleiar Anne Lene Østvold Jordåen, tlf 480 43 386 mail: [email protected]
Oppstart snarast/etter avtale