Me søkjer etter
2 faste helgestillingar i 20-25% med arbeid kvar 4.helg med langvakter eller kvar 3.helg med ordinære vakter
Om avdelinga
I Lundhaugen Omsorgsbustad bur det 12 mennesker med nedsett funksjonsevne som har behov for tenester.
Alle bur i eigne leiligheitar med tilgang til fellesareal og det er døgnbemanna.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlige eigenskapar
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Me tilbyr:
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.