Fagarbeidar / assistent

Arbetsbeskrivning

Gjerdane barnehage har ledig 80 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 15.08.26 til 14.08.27. Ufaglærte kan søkje som assistent. 

Gjerdane barnehage ligg nært Eid sentrum i Stad kommune og har fokus på likeverd, sosial kompetanse, språk, relasjonar og leik. Til hausten har barnehagen 71 barn, 12 barnehagelærarar, sju barne- og ungdomsarbeidarar, ein assistent og tre spesialpedagogar/logopedar, 


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg oppfølging av barna
  • Skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for barna
  • Delta og bidra i samarbeid med kollegaer og føresette

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Ufaglærte vil bli vurderte til stilling som assistent

Personlege eigenskapar

  • Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
  • Du har evne til å sjå det enkelte barnet
  • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
  • Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell- og sosial bakgrunn og med ulike livssyn
  • Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
  • Godt og nært fagleg samarbeid
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing.

Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon, kontakt styrar Tove Hanebrekke Starheimsvik, tlf 952 15 829. 

Kontaktinformasjon

Tove Hanebrekke Starheimsvik, styrar Gjerdane barnehage, 95 21 58 29, [email protected]

Arbeidsstad

Fossevegen 2
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5148210089
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 26.07.2026