Vi i Golvsengane barnehage treng fleire dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe som barne- og ungdomsarbeidar. Stillinga er fast, 100 prosent og gjeldande frå 15. august 2026 eller etter avtale. Har du ikkje fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, kan du gjerne søkje og forplikte deg til å ta det innan rimeleg tid.
Vi ser etter deg som vil være fagleg medansvarleg for det pedagogiske arbeidet i vår barnehage. Du må kunne gje barna omsorg og tryggheit. I dette legg vi at du får medansvar for organisering av leik og læring, med fokus på meistring for kvart enkelt barn. Du skal vere med på å bygge gode relasjonar for å skape lærelyst hos barna. Du er engasjert, løysingsorientert, kan samarbeide og reflektere saman med andre, har godt humør og stå på-vilje.
Hos oss får du eit godt kollegium der vi gir plass til fagleg og personleg utvikling gjennom eit inspirerande miljø. Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage med åtte avdelingar organisert med små- og storbarnsavdelingar. Barnehagen ligg sentralt til på Nordfjordeid med kort avstand til skog, fjord, fjell, Operahuset med biblioteket og Sagastad/Sagaparken. Vår visjon er "Små og store hand i hand".
Vi ser etter medarbeidarar som ynskje å jobbe i eit godt kollegium der barna sin omsorg, leik og læring står i sentrum for jobben.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
- Legg til rette for leik som gir læring og utvikling for alle barna
- Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
- Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Samarbeide med øvrige tilsette
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Ufaglærte med motivasjon til å ta fagbrev innan rimeleg tid kan bli vurderte
- Teiknspråk-kompetanse er sterkt ønskeleg
- Interesse og erfaring med musikk og song
- Du kan følgje opp barnegruppa, enkeltbarn og barn med spesielle behov
- Erfaringar fra tidlegare jobbar eller interesser som kan vere positive for å jobbe i barnehage
Personlege eigenskapar
- Du tek initiativ, har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
- Du er genuint opptatt av og bevisst på at kvart barn er unikt.
- Du har evne til å sjå det enkelte barnet
- Du har evne til å ivareta ei barnegruppe
- Du er fleksibel og løysingorientert og har evne til å yte det vesle ekstra for barna
- Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
- Du kan kommunisere godt med barn, foreldre og dine kollegaer
- Du har arbeidsglede og ei positiv haldning
- Du har god arbeidskapasitet, er pliktoppfyllande, påliteleg og trivst med eit varierande arbeidstempo
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Godt og nært fagleg samarbeid med flinke kollegaer
- Løn etter gjeldande kommunalt avtaleverk etter ansiennitet
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden.
Vi ynskjer at du skriv opp referansar viss du har.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om barnehagen eller stillinga, så må du gjerne kontakte styrar Øyvind Dypveit, tlf. 90 66 19 03.
Kontaktinformasjon
Øyvind Dypveit, Styrar Golvsengane barnehage, 4142 62 06,
[email protected]
Arbeidsstad
Golvsengane 1
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5150383463
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026