Vi har ledig 100% fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar ved støttesenteret for kriminalutsette i Møre og Romsdal politidistrikt.
Vi søkjer etter ein engasjert rådgjevar/seniorrådgjevar som kan lose borgarar utsett for kriminalitet gjennom straffesaksprosessen. Likar du å jobbe sjølvstendig, er empatisk og har god evne til å arbeide med ulike menneske kan dette vere rette stillinga for deg.
Støttesenteret for kriminalitetsutsette skal vareta og bistå dei som er blitt utsett for integritetskrenkande kriminalitet, herunder fornærma utsett for seksuelle overgrep og fornærma i vald i nære relasjonar. Tilbodet inneber psykososial støtte, oppfølging, informasjon og støtte upartisk gjennom heile straffesakskjeda. Primært er dette gjennom samtalar med fornærma og pårørande, men også i drøfting utan at det føreligg melding til politiet.
Støttesenteret driv ikkje med behandling, men skal ha kunnskap om behandlingstilboda i politidistriktet. Det er eit mål å lose den utsette vidare til riktig hjelp. Sjå https://www.politiet.no/kontakt-oss/stottesenter-for-kriminalitetsutsatte/
Ved eventuelt internt opprykk kan det bli ledig ei fast rådgjevarstilling.
Arbeidsstad er Ålesund, Molde, eller Kristiansund etter nærare avtale.
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å hjelpe andre menneske som av ulike årsakar er utsette for kriminalitet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom dine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet.
Evnen til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
For å bli vurdert som seniorrådgjevar må du ha relevant mastergrad eller tilsvarande og minimum fem års relevant erfaring. I denne vurderinga kan relevant erfaring kompensere for kravet til mastergrad. Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert.
Det er også ønskjeleg med
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc