Skipsførar Askvoll-Gjervik-Fure, pt MF Davik

Arbetsbeskrivning

Vi ser etter ein erfaren, trygg og solid skipsførar til vårt fartøy MF Ivar Aasen, på sambandet Solholmen-Mordalsvågen.

I rolla som skipsførar vil du ha ei sentral oppgåve i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Arbeidet byr på både ansvar og reelle utfordringar, med skiftande værforhold og eit fartøy som krev presis og trygg handtering. Du blir ein viktig bidragsytar til gode opplevingar for både passasjerar og mannskap, og samarbeider tett med kollegaer både om bord og på land.

Turnusordninga er døgnskift med 2 veker på, 1 veke fri, deretter 2 veker på og 3 veker av. Dekket reise første og siste dag av kvar arbeidsperiode for reise meir en 30 km.

Fjord1 disponerar ein hybel på sambandet, men det er likevel ein fordel om søker bur lokalt. 


Arbeidsoppgåver

  • Sikkerheitsstyring
  • Energileiing
  • Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
  • Ansvarleg for personleg tryggleik
  • Ansvarleg for miljømessig tryggleik
  • Skipsførar er leiar om bord
  • Andre oppgåver i høve til stillingsinstruks

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat 
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Vi leter etter en kompetent og ansvarlig skipsfører med solid erfaring i maritime operasjoner og ledelse. Du bør ha en sterk forståelse for sikkerhetsprosedyrer, gode kommunikasjonsferdigheter og evne til å ta raske beslutninger i krevende situasjoner. Som skipsfører vil du sikre trygg og effektiv drift, samt inspirere og lede mannskapet om bord. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • Døgnskift med 2 veker på - 1 veke av/2 veker på - 3 veker av.

Kontaktinformasjon

Thea Eliassen, Rekrutteringsmedarbeidar, [email protected]

Arbeidsstad


6980 Askvoll

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5152932905
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.07.2026