Har du lyst til å vikariere for jordmor?Vi i helse og velferd er på jakt etter ei jordmor til helsestasjonen frå august/september og fram til juli 2027, med mogeleg forlenging.
Jordmortenesta er ein del av helsesjukepleiartenesta, som omfattar helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom.
Jordmortenesta er organisatorisk plassert i helse og velferd, saman med andre helsetenester som legekontor, psykisk helse og rus, habilitering, fysioterapi og ergoterapi. Det er òg eit tett samarbeid med interkommunalt barnevern og NAV.
Vi utviklar tenesta i tverrfagleg samarbeid for tidleg innsats overfor barn og familiar, og arbeider etter ein innsatstrapp i tiltaka.
Jordmorarbeidet er interkommunalt, og det er ein kontordag i veka i Eiken. I tillegg har Åseral vaktberedskap i samband med fødsel, grunna avstanden til sjukehuset.
Arbeidsoppgåver
- Svangerskapsoppfølgjing ved helsestasjonen
- Heimebesøk til nyfødte
- Etterkontroll
- Vaktberedskap i samband med fødsel
- Du vil bidra til trygg og heilskapleg oppfølging av gravide og nybakte familiar i kommunen.
Kvalifikasjoner
Du må:
- ha autorisasjon som jordmor
- har erfaring med klinisk arbeid som jordmor føde/barsel
- disponere bil og førarkort klasse B
- ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Det er ønskjeleg med erfaring frå tverrfagleg samarbeid
Gyldig politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting (ikkje eldre enn 3 månadar)
Personlege eigenskaper
Vi ønsker at du:
- er tillitvekkande og har gode kommunikasjonsevner i møte med barn og føresette
- er engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis.
- er god på samarbeid, er fleksibel, tek ansvar og viser interesse for den kommunale helsetenesta
Personlege eigenskaper vert vektlagt
Stillinga har ei prøvetid på 6 månader
Vi kan tilby
- Varierte og meiningsfylte oppgåver i samarbeid med hyggjelege og kompetente medarbeidar
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med løn iht hovudtariffavtalen.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
Barnehageplass
Gratis SFO
Vi kan hjelpe til å finne bustadhttps://xn--flytttilseral-wfb.no/
Kontaktinformasjon
Laila Ljosland, Einingsleiar Helse og velferd, 41322847,
[email protected]
Arbeidssted
Bordalsbakken 10
4540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 5152806696
Stillingsprosent: 70%
Vikariat
Søknadsfrist: 09.08.2026