UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Vil du leie eit institutt som formar framtida for humaniora?
Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen søkjer instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) med tilsetjing frå 01.11.2026, eller så snart som mogleg etter dette. Instituttleiarstillingar er åremålsstillingar med tilsetjingsperiode på fire år, med høve til å søkje om inntil ein ny åremålsperiode.
Kvifor søkje?
Som instituttleiar får du ein unik moglegheit til å leie, utvikle og påverke.
Stillinga er både utfordrande, mangesidig og ansvarsfull. Du vil arbeide i eit spennande og mangfaldig miljø med dyktige og inspirerande kollegaer, der du skal vera med på å forme eit institutt slik at både tilsette og studentar får gode vilkår for læring, utvikling og trivsel. Som leiar for den faglege og administrative staben har instituttleiaren moglegheit til å påverke og forme instituttet som arbeidsplass, studiestad, fageining og samfunnsaktør. Som instituttleiar får du eit særleg ansvar for å sikre eit inkluderande og fagleg stimulerande læringsmiljø, vidareutvikle kvaliteten i utdanningstilbodet og å sikre gode rammevilkår for både lærings- og studiekvardagen.
Du må vere ein aktiv leiar som stimulerer til utvikling og samarbeid innanfor og utanfor instituttet. I stillinga vil du få god moglegheit til å utvikle deg sjølv som leiar i nær samhandling med leiargruppa ved instituttet og med støtte frå fakultet, dekanat og universitetsleiing. Du vil ta del i den faglege og organisatoriske verksemda på både fakultets- og universitetsnivå, og du får dermed stor innverknad på utviklinga av humaniora som fagfelt.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har om lag 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
Instituttleiar har det overordna ansvaret for den samla faglege og administrative verksemda ved instituttet. Instituttleiaren har fullmakt til å prioritere og gjere strategiske val innanfor instituttet sine samla ressursar, med unntak av saker som skal avgjerast i instituttrådet.
Leiaren sitt ansvarsområde omfattar strategisk og fagleg-politisk leiing og leiing av forsking, forskarutdanning, undervisning og formidling ved instituttet. Som instituttleiar vil du mellom anna ha ansvar for forvalting av studietilbodet inkludert ressursbruk. Gjennom tett samarbeid med fagtilsette og studentar skal instituttleiar bidra til å sikre høg fagleg kvalitet i studieprogramma.
Utvikling og drift av forskingsaktiviteten er ein del av den faglege leiinga. Det høyrer med til instituttleiar sine oppgåver å motivere tilsette til å skaffe ekstern forskingsfinansiering og oppmuntre til forskingsformidling. Instituttleiar har ansvar for det internasjonale samarbeidet ved instituttet.
Stillinga har arbeidsgjevaransvar ved instituttet, ansvar for HMS-tiltak og administrasjon, og innstillingsfullmakt i tilsetjingssaker. Instituttleiaren har ansvar for utforming av årsplan og budsjett, og skal sikre rasjonell drift og budsjettbalanse innanfor rammevilkår gitt av fakultetsstyret.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, inkludert:
Tilsetting i stillinga vil bygge på ei heilskapleg vurdering.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dekan, professor Camilla Brautaset på telefon 55 58 23 06 / 473 29 832 eller e-post [email protected], eller til fakultetsdirektør Kim Ove Hommen på telefon 55 58 93 41 / 908 85 702 eller e-post [email protected].
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: [email protected].
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.