Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune søkjer deg som vil jobbe som tilkallingsvikar i sone Sogndal.
Her får du ein jobb der du er tett på menneske og der du faktisk ser at det du gjer har verdi i kvardagen til den enkelte.
Me ser etter deg som utdannar deg innanfor helse-, sosial- eller pedagogiske fag, eller som ynskjer å bety ein forskjell for andre.
Nokre av arbeidsoppgåvene:
Du blir ein del av eit team, men mykje av jobben handlar om relasjonen mellom deg og den du jobbar med.
Kva går jobben ut på?
I bu- og miljøtenesta jobbar me med barn, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov. Målet er å skape trygge, meiningsfulle og føreseielege kvardagar.
Arbeidet kan mellom anna innebere:
Kvifor søkje denne stillinga?
Du får føreseielegheit, fagmiljø og utvikling – ikkje berre ekstravakter eller deltidsarbeid.
Hos oss får du:
Kven ser me etter?
Me vil gjerne snakke med deg som er student eller har eit friår.
Du må vere over 18 år. Det er ein fordel med erfaring eller utdanning innan helse, sosialfag eller arbeid med barn og unge, men det viktigaste er kven du er.
Me ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Du må ha sertifikat og tilgang til bil.
Politiattest av ny dato må leggjast fram før tilsetjing. Teiepliktsskjema må underteiknast.
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk.
I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla før eventuell offentleggjering.