Avdeling for forvaltningsutvikling har ei ledig stilling som rådgjevar i Seksjon for statsforvaltarar og berekraft. Vi søkjer ein rådgjevar som vil vere med å vidareutvikle styringa av statsforvaltarane og Statsforvalteren sine fellestenester.
Statsforvaltaren er staten sin represent i fylka, med 10 verksemder over heile landet. Dei utfører forvaltningsoppgåver for departementa, kontrollerer kommunane si verksemd og er klageinstans for kommunale vedtak. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
(DFD) har det administrative ansvaret for statsforvaltarane. I tillegg samordnar DFD departementa og direktorata som gir oppgåver til statsforvaltaren. DFD etatsstyrer også Statsforvaltarens fellestenester (STAF), som leverer tenester til statsforvaltarane.
I denne stillinga vil du få delta i etatsstyringa av statsforvaltarane og STAF. Du vil samarbeide tett med kollegaer i seksjonen og samstundes ha ein brei kontaktflate internt i DFD, mot andre departement og direktorat/tilsyn i styringa. Samordningsrolla vår er i utvikling, og vi tek ei breiare og meir aktiv rolle i styringa av sektoren. Vi er òg i gang med eit større utviklingsarbeid for å skape betre balanse mellom statsforvaltarane sine oppgåver og ressursar, samt å leggje til rette for meir heilskapleg styring. Dette gir spennande utviklingsoppgåver i seksjonen og gode moglegheiter til å påverke retning, men inneber òg periodar med høgt tempo.
Stillinga vil i hovudsak innebere
Du må ha:
Det er ønskjeleg at du har:
Personlege eigenskapar
Arbeidskvardagen er variert, og du må evne å arbeide sjølvstendig, strukturert og langsiktig, samstundes som du handterer periodar med høgt tempo og mange oppgåver samtidig. Vi ser etter deg som kommuniserer godt og likar å samarbeide.
I tillegg ser vi etter deg som
Vi vil leggje stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin.
Vi tilbyr:
Løn: Stillinga blir lønt som rådgjevar i lønnsspennet 680 000-800 000 kroner per år. Lønsplasseringa er avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 prosent frå løna til innskot til Statens pensjonskasse.
Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter tryggingslova. Les meir om autorisasjon her.
Mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsdirektør, Arnfrid Arthur på tlf 93217407 eller e-post [email protected].
For nærmare opplysningar om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgivar Annabel Tveit på tlf 97959303 eller [email protected].