Vi har ledig vikariat som musikkterapeut ved Øygarden kulturskule frå 01.10.2026 - 01.10.2027
Øygarden kulturskule tilbyr undervisning innan musikk, dans, teater og visuelle kunstfag, og har om lag 500 elevplassar. Kulturskulen er ein desentralisert kulturskule med undervisning i heile kommunen. Kulturskulen har eigne lokale på Liljevatnet, der administrasjonen og fleire øvingsrom og arbeidsplassar er samla.
Kulturskulen har eit aktivt tilbod innan musikkterapi retta mot barn, unge og vaksne med ulike behov i barnehage, skule og andre kommunale tenester. Musikkterapien inngår i eit tverrfagleg samarbeid med andre tenester i kommunen. Vil du vere med å bruke musikken som ressurs for utvikling, meistring og inkludering? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
E-post:[email protected]
Mobil:926 21 887
E-post: [email protected]
Mobil: 472 40 152
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.