Sveio kommune lyser ut to spennande stillingar som koordinator for barn og unge - begge i 100% vikariat/prosjekt stilling. Oppstart snarast mogeleg til og med 31.12.2027.
Vil du vere med og gjere ein forskjell for ungdom i Sveio?
Vi søkjer to engasjerte og trygge vaksne til vårt nye ungdomsteam. Dette er stillingar for deg som ønskjer å vere tett på ungdom, byggje gode relasjonar og bidra til at fleire opplever meistring, tilhøyrsle og tru på eigne moglegheiter. Stillingane er ein del av kommunen sitt førebyggjande arbeid og skal styrkje tidleg innsats og samordna oppfølging på tvers av tenester, med mål om å førebyggje utanforskap, fråvær, rusutfordringar og kriminalitet.
Vi ser etter deg som møter ungdom med respekt og varme, samarbeider godt med andre og vil vere med og utvikle ei meir heilskapleg oppfølging for barn og unge i kommunen.
Som koordinator barn og unge skal du arbeide førebyggjande, bidra til tidleg innsats og fange opp ungdom som står i fare for å falle utanfor. Du blir ein del av eit tilgjengeleg og fleksibelt tilbod til barn og unge, og får ansvar for å vidareføre arbeidet med ungdomslos, SLT og ungdomsråd. SLT-modellen er ei samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak for barn og unge.
Sveio kommune er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats), og vi ønskjer at det skal vere trygt og godt for barn og unge å vekse opp hos oss. Koordinator barn og unge vil vere tilsett i Eining for barn og familie, med det daglege arbeidet i hovudsak knytt til skulane i kommunen og tilbodet til ungdom på Vigdartun kultursenter i fritidssona. Sveio kommune har fire barneskular og ein kombinert barne- og ungdomsskule. Meir informasjon om skulane finn du på kommunen sine heimesider.
ved behov kan stillinga i avgrensa periodar innebere praktisk støtte for å styrkje skulenærvær
Ein del av arbeidet kan til tider medføre arbeid utanfor skuletid i heimen, ungdomsklubb og i forbindelse med leirskule- og ferieaktivitetar.
førarkort klasse B
Gyldig politiattest i samsvar med opplæringslova § 10-9 må leggjast fram ved tilsetjing.
Vi ser etter deg som
Anna informasjon: