Linja byggjer, vedlikeheld og driftar eit straumnett rusta for framtida. Våre dyktige fagfolk løyser utfordringar som gjer regionen meir berekraftig, og gir kraft til nyskaping og utvikling.
Som eitt av dei største nettseselskapa i landet, forsyner vi over 100 000 kundar frå Askvoll i sør til Ålesund i nord med straum. Vi er nær 300 tilsette på fleire lokasjonar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Aktiviteten i nettet aukar, og vi har mange spennande prosjekt og eit omfattande investeringsprogram. Derfor ønskjer vi fleire dyktige prosjektleiarar med på laget.
Hos oss får du ansvar for å drive prosjekt trygt og effektivt frå planlegging til gjennomføring, i tett samarbeid med fagmiljø og samarbeidspartar.
Som prosjektleiar i Linja, vil du:
Dine kvalifikasjonar:
Vi tilbyr deg:
Avdelinga sitt ingeniørmiljø er knytt til våre kontor i Dragsund, Florø, Måløy, Nordfjordeid, Sandane, Stranda, Stryn og Ålesund. Vi legg til rette for at du kan ha oppmøteplass på ein av desse lokasjonane.
Samfunnet krev stadig meir av straumnettet. I denne stillinga får du vere med å utvikle og styrke denne kritiske infrastrukturen som er avgjerande for samfunnsutvikling og verdiskaping.
Søknadsfrist: 23. august 2026. Vi vurderer søknader fortløpande, og oppmodar interesserte kandidatar til å søke snarast.
Vil du bli med å utvikle straumnettet for framtida? Vi gler oss til å lese søknaden din! Ta kontakt om du har spørsmål om stillinga.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for mellom anna å verifisere opplysningar i CV og annan dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir utført av Semac etter at kandidaten er orientert om dette og har gitt sitt samtykke.