Sjukepleiar/helsesekretær - vikariat i 100 % stilling

Arbetsbeskrivning

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.

Lærdal helsesenter har ledig eit 100% vikariat, med moglegheit til forlenging eller fast stilling.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppgåver på skadestove: mottak akuttpasientar, sårstell, EKG og 24 timars blodtrykk, suturfjerning, øyre skylling, injeksjonar og administrering av medisinar
  • Laboratoriearbeid: prøvetaking, analysering av prøvar med meir
  • Ekspedere telefon og pasientluke
  • Anna helseretta og administrativt arbeid som ligg til legekontoret som til dømes journalføring, oppgjer, rekvirering av transport, legge inn reseptar med meir

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjend sjukepleiar eller helsesekretær
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • God IKT kompetanse, me nyttar Pridok
  • Du må vera nøyaktig og strukturert
  • Arbeidserfaring frå legekontor og/eller legevakt er ein fordel
  • Me legg særleg vekt på at du har dei personlege eigenskapane me ynskjer: at du har gode samarbeidsevner, kan arbeida både i team og sjølvstendig, og er interessert i fagutvikling

Me tilbyr:

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø, der me har eit stort brukarfokus og høg kvalitet i arbeidet
  • Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP
  • Gruppe- og ulykkesforsikring
  • Hjelp til å skaffa bustad

Det kan nemnast at Lærdal kommune mellom anna har:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

 

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her