Butikkmedarbeider sport/fritid- Fast 80-100 % - Dale i Sunnfjord

Arbetsbeskrivning

Vi i Sport Dale søkjer ein superseljar som trivst med å arbeide mot vårt felles mål: Gje alle kundar ei positiv handleoppleving, og vere stolte av å tilby produkt av høg kvalitet.

Du som tilsett er imøtekommande av natur, er sosial og har ei stor interesse for sport og sportsutstyr. Stillinga krev at du er ansvarsfull og samarbeidsvillig, samt at du har vilje til å lære.

Dine sentrale arbeidsoppgåver:

· Du sørger for at kundane får ei positiv handleoppleving, samt god fagleg rettleiing

· Kassearbeid

· Varepåfylling

· Butikkrutinar og anna førefallande butikkarbeid

· Fokus på tekstil avdeling og nettbutikk

Dine kvalifikasjonar:

· Er utadvendt og positiv

· Strukturert og ryddig

· Ser moglegheiter

· Er sjølvstendig og ansvarsfull, men samstundes samarbeidsvillig

Vi tilbyr deg:

· Godt arbeidsmiljø

· Varierte arbeidsoppgåver

· Trygg arbeidsplass

· Løn etter avtale og pensjonsordning