UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst er det ledig ei åremålsstilling for 2 år som vitskapleg assistent (50%) knytt til masterprogrammet i samtidskunst, med ønska oppstart frå oktober 2026.
Vi søker etter ein vitskapleg assistent som i hovudsak vil ha oppgåver knytt til fagleg koordinering av masterprogrammet i samtidskunst. Assistenten vil få delta i ei spennande fase for programmet og arbeide i eit dynamisk undervisningsmiljø med gode faglege utviklingsmoglegheiter
Ei stilling som vitskapleg assistent skal danne grunnlag for ein vidare akademisk karriere, gjennom arbeidsoppgåver som gir innsikt i og erfaring med vitskapleg eller kunstnarleg arbeid og metode.
Personar som har vore tilsette som stipendiatar eller har oppnådd doktorgrad, kan ikkje tilsetjast som vitskapleg assistent.
Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år (uavhengig av stillingskode som vitskapleg assistent).
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Katrine Hjelde [email protected]
For HR-relaterte eller tekniske spørsmål om søknadsprosessen, kontakt [email protected].
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.