Er du kunstinteressert, serviceinnstilt, og likar å arbeide med menneske?
Viti har no ledig ei stilling som museumsvert i resepsjon og streif ved Jugendstilsenteret og KUBE i 16% stilling med arbeid annakvar helg når KUBE er ope. Bli ein del av teamet vårt og bidra til å skape gode opplevingar for våre gjestar!
Søknadsfrist: 27. juli
Oppstart: Fredag 21. august med første arbeidshelg 22. og 23. august.
Betene resepsjon / butikk og yte service
Opning og stenging av museet og utstillingar
Vakthald i utstillinger og resepsjon/butikk
Mottak av cruisegrupper og andre publikumsgrupper
Kveldsarrangement må påreknast
Utføre streifoppgåver etter gjeldande instruksar
Museumsfaglege oppgåver tilpassa kvalifikasjonar
Interessert i kunst og kultur
Imøtekomande
Gode samarbeidsevner
Serviceinnstilt
Punktleg
Har erfaring med ulike kassasystem og publikumskontakt
Har gode planleggingsevner
Over 18 år
Språk utover norsk og engelsk vil telle positivt
Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt.
Eit triveleg arbeidsmiljø med mange moglegheiter
Medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.
Løn i stillingskode 1078 betjent frå 389 100,- ut frå kvalifikasjonar, ansiennitet og erfaring.
Dei første 6 månadane er prøvetid. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde. Det må påreknast noko reising mellom kontorstadane i organisasjonen.
Arbeidsstad: Jugendstilsenteret og KUBE
Send en kortfatta søknad med CV til [email protected]
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar, vitnemål og attestar.
Merk søknaden med: Museumsvert Jugendstilsenteret og KUBE
Stillinga ligg i avdeling for kunst og design.
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.