Vi søkjer vikar for vernepleiar til omsorgstenestene frå august 2026 til april 2027.
I tillegg vert du medlem i KLP, ei av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP - Kommune- og Helse-Norges eget pensjonsselskap
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire - kanskje akkurat deg?
Kommunen har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små. Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjå Hyllestad info
Tilsetting føreset godkjent helseattest (smittevern) og politiattest i samsvar med lovverket. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn tre månader og skal leggast fram før tiltreding.
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos einingsleiar Linn Christin Fløholm.
Om du kjenner at dette engasjerer deg, håpar vi oppriktig at du legg inn ein søknad. Vi ser fram søknaden din.
Relevante lenkjer