Barnehageassistent

Arbetsbeskrivning

Vil du jobbe med barn i ein liten og trygg barnehage?

Fjordly barnehage søkjer tilkallingsvikar til både kortare og lengre vikariat. Vi er ein liten, tradisjonsrik barnehage, idyllisk plassert på Totland i Stad kommune.

Hos oss får du vere ein del av eit trygt og inkluderande miljø der barna står i sentrum. Vi legg vekt på omsorg, leik, læring, naturopplevingar og gode verdiar i kvardagen.

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein trygg og omsorgsfull vaksen for barna

  • Delta i leik, aktivitetar og daglege rutinar

  • Bidra til eit godt samarbeid med barn, føresette og tilsette

  • Delta i både ute- og inneaktivitetar

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som:

  • Har lyst til å jobbe med barn

  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

  • Ønskjer å arbeide i ein kristen barnehage

  • Kan leggje fram gyldig politiattest før tilsetjing

Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er:

  • Omsorgsfull og positiv

  • Fleksibel og samarbeidsvillig

  • Ansvarsbevisst og påliteleg

  • Engasjert i barn si utvikling og trivsel

Vi tilbyr

  • Arbeid i ein liten og oversiktleg barnehage

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer

  • Varierte arbeidsdagar

  • Moglegheit for både korte og lengre vikariat

Barnehagen er sommarstengt frå veke 29-32. Om du har spørsmål om stillinga i denne perioden kan du sende ein e-post til [email protected]

Telefon: 57 85 33 95

Søkjarar vert vurderte fortløpande.