Vi søkjer ein strukturert og løysingsorientert sakshandsamar som meistrar både saksbehandling, økonomi og digitale verktøy
Ørsta kommune, kommunalområde Oppvekst, kultur og inkludering, har ledig ei 100 % fast stilling som sakshandsamar. Snarleg oppstart, etter avtale.
Kommunalområdet har overordna ansvar for kultur, barnehagar, grunnskular, vaksenopplæring og flyktningteneste. Som sakshandsamar hjå oss vil du få ei sentral rolle i den daglege drifta og utviklinga av tenestene våre. Vi ser etter deg som tek i eit tak med godt humør, jobbar sjølvstendig og finn gode løysingar i samarbeid med andre.
Majoriteten av desse arbeidsoppgåvene vil vere knytt til grunnskule, men oppgåver kan kome frå heile kommunalområdet.
Vi ynskjer at du:
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf. AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.