Fjord1 søkjer no etter dyktige og fleksible tilkallingsvikarar til fleire av våre ferjesamband i region Vestland.
Vi har behov for skipsførar, navigatørar, maskinistar, maskinsjefar og matrosar, og ønskjer å knyte til oss kandidatar som kan bidra til trygg og stabil drift når behov oppstår.
Aktuelle samband:
Behovet for vikarar vil variere gjennom året. I enkelte periodar kan det vere behov for mannskap som kan gå heile arbeidsperiodar, medan det i andre periodar kan vere aktuelt med enkeltvakter på kort varsel.
Det er moglegheit for å bu om bord i arbeidsperioden, men det er ein fordel om du bur i nærleiken, då behovet kan variere i tråd med skift og turnus.
Reise til og frå arbeidsperioden vert dekt av rederiet. Tiltreding etter avtale. Relevante kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåvene følgjer gjeldande stillingsinstruks for den aktuelle rolla.
Gjelder for alle:
Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar.