Vinje kulturskule søkjer ein engasjert og pedagogisk trommelærar i 25 % vikarstilling for hausten 2026, med moglegheit for forlenging. Kulturskulen er ein viktig arena for skaparglede, meistring og fellesskap for born og unge i kommunen. Som trommelærar vil du møte elevar i alderen 6–18 år og få høve til å bidra inn i eit aktivt og utviklingsorientert fagmiljø.
Stillinga er i hovudsak knytt til individuelt undervisningsarbeid, men samspel er ein naturleg og viktig del av undervisninga i Vinje kulturskule. Du vil samarbeide med andre instrumentlærarar og vere med på å utvikle elevane sine musikalske dugleikar gjennom samspel, konsertar og deltaking på arrangement som UKM (Ung kultur møtast). Me ser etter deg som ynskjer å bidra til eit inkluderande læringsmiljø og som ser verdien av kulturskulen som ein viktig møteplass for born og unge.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre undervisning i trommer for elevar i alderen 6–18 år
- Tilpasse undervisninga til den enkelte elev sitt nivå og behov
- Delta i og bidra til samspelundervisning saman med andre lærarar i kulturskulen
- Motivere elevane til fagleg utvikling, meistring og musikkglede
- Følgje opp elevar fram mot konsertar og andre arrangement
- Bidra inn mot UKM og andre prosjekt i regi av kulturskulen
- Samarbeide med føresette ved behov
- Delta på personalmøte og utviklingsarbeid i kulturskulen
Kvalifikasjonar
- Relevant pedagogisk utdanning er ynskjeleg
- Musikkfagleg utdanning innan trommer/perkusjon er ynskjeleg
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell musikkutdanning
- Erfaring frå undervisning eller arbeid med born og unge er ein fordel
- Interesse for og erfaring med samspel og ensemblearbeid er ynskjeleg
- Førarkort klasse B og disponering av eigen bil er eit krav
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding
- Stillinga følgjer arbeidstidsavtalen SFS 2213
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg dyktig og trygg i rollen som trommelærar
- Du er pedagogisk og har gode relasjonelle dugleikar i møte med born og unge
- Du er engasjert og motiverande
- Du samarbeider godt med kollegaer på tvers av fagområde
- Du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eiga undervisning
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet og til utviklinga av kulturskulen
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Me tilbyr
- Ei meiningsfull stilling i ein kulturskule med høge ambisjonar på elevane sine vegner
- Eit inkluderande og imøtekomande kollegium med god kultur for samarbeid.
- Moglegheit til å samarbeide på tvers av kunst- og fagområde
- Fast møtearena kvar veke, med fokus på fagutvikling, utviklingsarbeid og teambuilding
- Ein arbeidsplass som aktivt bidreg til kultur- og oppvekstarbeid i lokalsamfunnet
- Høve til å vere med og vidareutvikle ein kulturskule med lågterskel kulturtilbod for born og unge
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår.
Kontaktinformasjon
Kristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 94983823,
[email protected]
Arbeidsstad
Vinjevegen 192
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5154514539
Stillingsprosent: 20%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 09.08.2026