Gulen og Masfjorden kommune har gjennom vertskommunesamarbeid ledig 100% fast stilling som kommunepsykolog. Oppstart etter avtale. Vi er på leit etter deg som vil bidra til kvalitet, utvikling og samhandling i tenestene. Vi tilbyr konkurransedyktig løn.
Arbeidsområdet vil vere i begge kommunane, og det er allereie fleire vertskommunesamarbeid mellom kommunane. Gulen kommune er vertskommune for denne stillinga. Kontorstad vert i Eivindvik og på Hosteland. Ein må pårekne noko reising.
Bur du i Gulen kommune og er i jobb kan du få sletta studielånet ditt. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Alle yrkesaktive som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 frå 01.01.2025, eller flyttar hit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt år kunne få sletta 25 000kr i året. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når den er teken opp (kjelde,www.regjeringa.no).
I begge kommunane er det einingsleiar ved eining helse som har ansvar for psykologtenesta, slik at dialog kring innsatsområde, prioriteringar osb. vil skje i dialog med dei to einingsleiarane. Arbeidsgivaransvaret for stillinga ligg til Gulen kommune. I tillegg til psykologtenesta har eininga også ansvar for andre kurative tenester, som til dømes legeteneste, helsestasjon, psykisk helse og rus, fysioterapi og ergoterapi. Gulen og Masfjorden har frå før felles barnevernteneste, PPT, jordmorteneste og brannvern. Alle kommunane i Region Nordhordland er medeigar i Helsehuset i Knarvik. Det pågår eit samarbeid for eit breitt og fagleg fellesskap gjennom samarbeidsprosjektet "Fag- og tenesteutvikling" ute i kommunane og i dei tilrettelagte møtearenaene i Helsehuset.
Me ynskjer at du: