Vi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar,, som er interessert i å arbeide med eldreomsorg og er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Opnar opp for at Autoriserte vernepleiar og kan og søke.
Vi søker etter deg som synest det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden. Vi arbeider miljø retta, der du i møte med bebuar er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meiningsfylt kvardag for bebuar og pårørande.
Vi har ledig 92 % fast st på Otta-/Karvestova på Volda Omsorgssenter,, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring.
Otta /Karvestova er ei somatisk langtidsavdeling med 19 bebuerar fordelt på 2 grupper.
Vi har f.t 2 delt turnus, med arbeid kvar 3 hel. Vi er no i eit TØRN prosjekt, der vi jobbar mot Årsturnus og langvakter på helg.
Arbeidsoppgåver
- Utøve helse- og omsorgstenester til bebuarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet.
- Dokumentasjonsarbeid i elektronisk journalsystem.
- Medikamenthandtering og medisinske prosedyrar.
- Omsorg ved livets slutt.
- Tett pårørande samarbeid.
- Rettleiing av kollega, studentar og elevar.
- Arbeide etter kvalitetsreforma "Leve heile livet"
- Fokus på aktivitet og sosialisering.
Kvalifikasjonar
- Du er autorisert sjukepleiar,vernepleiar , oppgje HPR nr i søknaden.
- Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team.
- Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (helst Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål.
- Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du er medmenneske med evne til å skape tryggleik og ro, også i krevjande situasjonar.
- Du er fagleg engasjert, positiv og sett bebuar i sentrum.
- Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert ,fleksibel og likar utfordringar.
- Du er fagleg oppdatert og er opptatt av å dele di kompetanse med kollegaer.
- Du har lyst til å bidra til utvikling.
- Du er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og slutningar som er tatt i seksjonen.
- Du har fagleg forståing om den geriatriske pasienten og lovverk knytt til personar med demens.
- Du ynskjer å vere delaktig i å utvikle "morgondagens sjukeheim".
- Personleg eignaheit vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn og arbeidsvilkår etter avtale
- Utfordrande , varierte og spennande oppgåver på ein flott arbeidsplass.
- Engasjerte og hyggelege kollegaer.
- Eit ope, aktivt og tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
- Tilrettelegging for etter-/vidareutdanning om ein ynskjer det.
- Regelmessig internundervisning.
- Gode pensjons og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Kwan Brudevoll Salvesson, Seksjonsleiar Otta /Karvestova, 47889635,
[email protected]
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Instiusjon, 91144863,
[email protected]
Arbeidsstad
Stormyra 2
6100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5137430064
Stillingsprosent: 92%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 16.08.2026