Vil du vere med og utvikle gode helse- og omsorgstenester i Stad kommune?
Bu- og miljøtenesta Selje/Stadlandet har no tre ledige 100 % stillingar som vernepleiar/miljøterapeut. Stillingane inkluderer 20 % frie timar. Vi kan tilby moglegheit for langvaktturnus med komprimert arbeidstid, noko som kan gi større fleksibilitet og meir samanhengande fritid
Bu- og miljøtenesta er ei teneste i kontinuerleg utvikling, med fleire tenestestader som tilbyr heildøgnstenester og oppfølging av heimebuande brukarar. Vi gir tenester til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar med ulike funksjonsnedsettingar, og arbeider målretta for å skape trygge, meiningsfulle og individuelt tilpassa tenester.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der samarbeid, utvikling og brukarmedverknad står sentralt. Målet vårt er å bidra til at kvar enkelt tenestemottakar opplever meistring, sjølvstende og best mogleg livskvalitet.
Dette er stillingar for deg som ønskjer ansvar, sjølvstende og høg grad av fagleg påverknad i kvardagen. Hos oss jobbar du tett på menneske – og gjer ein reell forskjell.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for det faglege rundt dei brukarane ein er primærkontakt for
- Kartlegge og vurdere behov
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
- Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
- Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer, og bidra til kompetansedeling og fagleg utvikling
- Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
- Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
- Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal
- Tverrfagleg samarbeid med kommunale og eksterne tenester
Kvalifikasjonar
- Utdanning og autorisasjon som vernepleiar eller treårig sosialfagleg utdanning på universitets- eller høgskulenivå
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Grunnleggande IKT-ferdigheiter
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort klasse B
- Politiattest
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid
- Høve til å skape eit godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling
- Vi legg til rette for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Busette i Stad kommune kan søkje Lånekassen om å få sleta delar av studielånet sitt
Stad kommune har god båtkorrespondanse til Bergen og nærflyplass i i Gloppen - Sandane Anda lufthamn.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast inn. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søknad om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontake avdelingsleiar Silje Sneide telefon 481 19 558 eller assisterande einingsleiar Ann-Charlotte Jansson telefon 977 23 146
Kontaktinformasjon
Silje Sneide, Avdelingsleiar Bu- og miljøtenesta, 48119558,
[email protected]
Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146,
[email protected]
Arbeidsstad
6750 Stadlandet
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5152939238
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026