ALIS / Spesialist i allmennmedisin

Arbetsbeskrivning

Vi søkjer deg som ønsker å vere med på laget ved legetenestene i Sykkylven kommune.
Du får moglegheit til å velje mellom næringsdrift eller kommunal tilsetting. 
Listelengden kan diskuteres etter behov og kapasitet.

Vi har ledig 100% fast stilling som spesialist i allmennmedisin/ALIS fra 01.10.2026

Sykkylven legesenter er kommunalt drive, har 9 legeheimlar og eit erfarent hjelpepersonell. Vi har og ei legevakt som er eit interkommunalt samarbeid med Stranda kommune. Legevakta omfattar 3 faste legevaktslegar som dekker kveld og natt, med hjelp av sjukepelairar på kveld og helg. Fastlegane i Sykkylven og Stranda deltek i daglegevakt.

Legesenteret er samlokalisert med Psykisk helse og rus samt Heimebasert omsorg i det nye Helsehuset i Sykkylven sentrum.

Arbeidsoppgåver

  • Generelle allmennmedisinske oppgåver, slik det følger lov, forskrift og avtaleverk
  • Det kan vere aktuelt med offentleg allmennmedisinsk legearbeid med moglegheit for inntil 7,5 timar per veke
  • Tverrfagleg samarbeid mellom dei kommunale einingane
  • Moglegheit for arbeid i helsestasjon
  • Deltaking  i legevaktsordning (lav vaktbelastning)
  • Oppgaver knyttet til veiledning, supervisjon og undervisning for ALIS (gjeld spesialist)

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i allmennmedisin/ ALIS løp
  • Meistrar norsk munnleg/skriftleg og har god framstillingsevne

 

Personlege eigenskapar

  • Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
  • Du har evne til utvikling og nytenking
  • Fleksibilitet
  • Personleg egnaheit blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø, engasjerte kollegaer
  • Fagmøter
  • Næringsdrift eller kommunal tilsetting
  • Moderne fasiliteter


Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

 

Kontaktinformasjon

Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765 , [email protected]

Arbeidsstad

Haugneset 20
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5154849244
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026