Vi søker etter matros til eit vikariat på sambandet Mordalsvågen-Solholmen, pt. MF Ivar Aasen.
Som matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald. I første omgång ser vi etter ein matros til eit kortare vikariat. Oppstart fortløpande, med sluttdato 30.11.2026. Moglegheiter for forlenging.
Fergestrekninga Mordalsvågen-Solholmen har stor betydning for lokalsamfunn og næringsliv. Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik.
Turnus er 2 veker på, 2 veker av, der ei veke er dagvakter og den andre nattevakter. Turnusordninga gjer også kvile på natt, og pause midt på dagen.
Søkjar må bu lokalt.
Hos oss får du jobbe med dyktige og kjekke kollegaer i ein bedrift med gode karierre moglegheitar. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Tilsetting gjerast fortløpande.