Kan du tenkje deg ein meiningsfull og sosial deltidsjobb i kyrkja?
Me ser etter ein person som likar å ta i mot dei som kjem i kyrkja på ein god måte.
Det er fint om du er litt praktisk, da det er styring av lydanlegg til mikrofonar og litt enkelt vedlikehald som må utførast.
Jobben kan passe for ungdom, deltidstilsette og pensjonistar.
Me søkjer etter ein persom med praktisk sans som har interesse og forståing for kyrkja sitt arbeid. Kyrkjetenarane har faste arbeidsoppgåver i samband med gudstenester, vigsel, gravferd og andre arrangement i kyrkjene, i tillegg ha ansvar for enkelt vedlikehald. Ved ferieavvikling og sjukdom må ein rekne med å vikariere i Årdal og Fister kyrkje.
Løn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk.
Det er gudstenester kvar 3. søndag heile året.
Gravferd er på vekedagar og vigsel er vanlegvis på laurdag i sommarhalvåret.
Det blir rekna 2 - 3 timar for kvar gong kyrkjetenaren er på jobb i samband med gudsteneste, gravferd, vigsel og andre arrangement.