Fagansvarleg flyplass

Arbetsbeskrivning

Voss herad har konsesjon og driv Voss flyplass Bømoen. Ved flyplassen er det no ledig 20% mellombels stilling som fagansvarleg i 1 år.

Fagansvarleg er har ei viktig rolle som kontaktpunkt mot brukarane av flyplassen og heradet som driftar, er bindeledd til Luftfartstilsynet og er del av heradet si samla gruppe som har ansvar for flyplassdrifta.

Fylgjande oppgåver ligg til stillinga:

  • Sikre at anlegget vert halde ved like, i tråd med gjeldande regelverk gjennom tilsyn, følgje opp konsesjon og oppdaterer dokumentasjon for flyplassen.
  • Følgjer opp registrering av trafikk ved flyplassen, fakturering av landingsavgift
  • Følgjer opp klager/varsel.
  • Er kontaktperson for aktørar ved flyplassen, grunneigarar, naboar, tilreisande og andre innanfor vanleg arbeidstid og har telefonvakt. 

Voss søkjer ein person:

  • Med interesse for flyplassdrift.
  • Det er ønskjeleg med erfaring med drift av flyplass.
  • Du må ha evne til å forstå regelverket for luftfarten og sjå behova til dei ulike aktørane som har aktivitet kopla til flyplassen.
  • Det vil vera ei føremon om du har kjennskap til offentleg forvaltning.

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.


Link til søknadsskjema: Søk her