Dekkssjef/Overstyrmann på reservefartøy i Nord-Norge, p.t. MF Sulafjord

Arbetsbeskrivning

Fjord1 har ledig stilling som dekkssjef/overstyrmann i ressursgruppe for samband i Nord-Norge, p.t. MF Sulafjord. 

Hos Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap. Vi har fokus på miljø og teknologi, og tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.

Turnusordninga er sjøvaktsordning med 3 veker på og 3 veker fri som gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidssted vert dekt. 

Dette er ei stilling med ansvar og moglegheiter til å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil være ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving.


Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling og sikre effektiv drift 
  • Vere avløysar for skipsførar 
  • Ta avgjerder i kritiske situasjonar dersom skipsføraren ikkje er tilgjengeleg
  • Utføre ettersyn og vedlikehald av navigasjonsutstyr
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig og oppfyller tryggleikskrav
  • Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk
  • Ansvar for opplæring, utvikling og trening av mannskapet 
  • Sikre at mannskapet har riktig verneutstyr og følgjer tryggleiksrutinar
  • Sørge for at passasjerane vert behandla på ein høfleg og profesjonell måte
  • Kontrollere at kommunikasjonsutstyr fungerer som det skal 
  • Påsjå at billettering og kontroll vert gjennomført i samsvar med retningslinjer 
  • Sikre trygg og effektiv lasting og lossing av fartøyet

Kvalifikasjonar

  • Minimum D2-sertifikat 
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Ferdigheitssertifikat HMOB
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skiftleg

Personlege eigenskapar

  • Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Gode velferdsordningar.

Kontaktinformasjon

Thea Eliassen, Rekrutteringsmedarbeidar, [email protected]

Arbeidsstad

Drag-Kjøpsvik
8590 Kjøpsvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5155229227
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.07.2026