Vil du vere med og forme framtidas pleie- og omsorgstenester - i ein liten kommune med stort hjarte, der naturen gjev energi og arbeidsdagen gjev meining?
Dette er jobben for deg som vil vere tett på både folk og fag, og som trivst med å vere ein synleg og samlande leiar. Du får ein arbeidskvardag der du ser menneska bak tala, og der innsatsen din betyr noko.
Som leiar for pleie og omsorg får du ei nøkkelrolle i å utvikle tenestene våre. Du får ansvar for drift, fag, økonomi og personal, og blir ein sentral del av leiargruppa i helse- og omsorgssektoren. Her er det kort veg frå idé til handling -- og du ser resultatet av arbeidet ditt kvar einaste dag.
Arbeidsoppgåver:
Arbeide systematisk med kvalitetsforbetring, HMS og pasienttryggleik
Personalansvar for alle tilsette i eininga.
Samarbeide tett med brukarar, pårørande, tillitsvalde og andre samarbeidspartnarar
Ynskte kvalifikasjonar:
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det vil vera ein fordel om du har:
Gode IT kompetanse og interesse for teknologiutvikling
Me ser etter ein leiar som :
Du må vere god på å samarbeide og bruke dine kreative evner og gode humør til å spele kollegaene dine gode
Personlege eigenskapar vil verta vektlagd
Me tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjingsvilkår:
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Velkomen som søkjar!
Anna info
Arbeidsspråk er nynorsk.