Ønsker du ei leiarrolle som betyr noko – både i dag og for framtida? Vi søker rektor til Bykle barne- og ungdomsskule.

Arbetsbeskrivning

Dette er stillinga for deg som ønsker å leie ein 1.–10. skule med høge ambisjonar, engasjerte medarbeidarar og store moglegheiter. Som rektor ved Bykle barne- og ungdomsskule får du ei sentral leiarrolle, der du får vere med og forme utviklinga av både skulen, elevane og lokalsamfunnet.

Om stillinga

Bykle barne- og ungdomsskule er ein 1.–10. skule sentralt plassert i vakre Setesdal. Skulen har om lag 60 elevar og 19 tilsette, eit trygt og inkluderande læringsmiljø og eit engasjert fagmiljø som arbeider for at alle elevar skal oppleve meistring, trivsel og læring. Rektor har også ansvar for kommunen si vaksenopplæring.

 

Vi ønsker ein rektor som vil vidareutvikle skulen og vaksenopplæringa i tett samarbeid med elevar, deltakarar, tilsette, foreldre og lokalsamfunnet. Du får ei viktig rolle i kommunen sitt arbeid med å utvikle framtidas oppvekst- og opplæringstilbod, og blir ein del av eit tett og godt samarbeid med kommunalsjef, barnehage og dei andre leiarane i kommunen.

Kvifor velje Bykle barne- og ungdomsskule?

På Bykle barne- og ungdomsskule får du som rektor moglegheit til å påverke utviklinga av ein heilskapleg 1.–10. skule, samtidig som du har ansvar for kommunen si vaksenopplæring. Du får leie eit kompetent fagmiljø, bidra til gode oppvekstvilkår for barn og unge og vere med på å utvikle både organisasjonen og lokalsamfunnet.

Hos oss får du:

  • Ei meiningsfull leiarrolle med stor påverking
  • Eit inkluderande og kompetent fagmiljø med engasjerte kollegaer
  • Ein moderne skule med gode pedagogiske verktøy og fasilitetar
  • Gode moglegheiter til å utvikle både medarbeidarar og organisasjonen
  • Støtte frå ei samarbeidande og kompetent leiargruppe
  • Deltaking i kommunen sitt leiarutviklingsprogram
  • Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moglegheit for bustad, hjelp til å skaffe bustad og flyttegodtgjersle etter gjeldande reglement
  • Studielånsordning: Etter eitt år som folkeregistrert i Bykle får du sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år (frå 2026)
  • Tilgang til bedriftsleilegheit i Kristiansand

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle vidare skulen og vaksenopplæringa som ein profesjonell læringsorganisasjon
  • Drive utviklingsarbeid og bidra til høg kvalitet i undervisninga
  • Forvalte ressursar slik at vi sikrar trivsel, læring og kvalitet
  • Ha overordna ansvar for pedagogisk utvikling, økonomi og personal
  • Legge til rette for involvering og gode samarbeidsprosessar
  • Samarbeide med interne og eksterne aktørar
  • Skape eit trygt og motiverande lærings- og arbeidsmiljø
  • Følgje opp kommunen sine prioriterte satsingsområde
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk utdanning / lærarutdanning
  • Pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring
  • God innsikt i fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
  • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning er ein fordel
  • God forståing for økonomi og organisasjonsutvikling er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Er ein synleg og tydeleg leiar som viser retning
  • Evnar å motivere, engasjere og utvikle medarbeidarar
  • Har god fagkompetanse og skaper tillit i leiarrolla
  • Byggjer gode relasjonar til elevar, tilsette, deltakarar og foreldre
  • Er inkluderande og opptatt av fellesskap
  • Har gode samarbeidsevner
  • Evnar å skape ein god samarbeidskultur
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Har god gjennomføringsevne

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Praktisk informasjon

  • Det blir kravd politiattest ved tilsetting
  • Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i vår digitale søkjarportal
  • Aktuelle kandidatar blir inviterte til intervju
  • Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Det blir trekt 2 % pensjonsinnskot
  • Bykle kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unntatt offentlegheit, men dette må grunngivast skriftleg, jf. offentleglova § 25. Dersom ønsket ikkje kan innfriast, vil du bli varsla før offentleggjering.

For meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med rekrutteringsrådgivar i Personalhuset Search & Selection, Knut Handeland, tlf. 98 29 52 78 / e-post: [email protected].

 

Bykle kommune som arbeidsgivar

  • Kommunen er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområde og sju tenesteeiningar
  • Kommunen har om lag 190 tilsette
  • Det er kort avstand mellom leiar og tilsett
  • Kommunen er ein IA-bedrift