Ønskjer du ein variert arbeidskvardag ved eit lokalsjukehus med breitt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter?
Lærdal sjukehus har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar i kombinert stilling ved medisinsk sengepost og medisinsk poliklinikk. For intern søkjar kan stillinga bli organisert som 100 % ved medisinsk sengepost. Stillinga er i utgangspunktet ikkje planlagd delt.
Er du spesialsjukepleiar og ønskjer å vere med på utvikling av nye tilbod ved poliklinikken, oppmodar vi særleg deg til å søkje.
Arbeidstid
Arbeid i snitt kvar tredje helg, med moglegheit for langvakter i helg
Om medisinsk sengepost
Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Vi tek imot pasientar med eit breitt spekter av medisinske problemstillingar innan mellom anna hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. Dei fleste innleggingane er augeblikkeleg hjelp.
Om medisinsk poliklinikk
Poliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging innan fleire indremedisinske fagområde, mellom anna hjarte- og mage-/tarmsjukdomar. Vi har også infusjonspoliklinikk med hovudvekt pkreftbehandling og behandling av mage-/tarmsjukdomar.
Kvifor velje Lærdal sjukehus?
Hos oss får du arbeide i eit godt fagmiljø der vi samarbeider tett på tvers av avdelingane. Vi er små nok til at folk kjenner kvarandre, men store nok til å tilby spennande faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter.
Kvifor bu i Lærdal?
Lærdal byr på storslåtte naturopplevingar rett utanfor døra og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Med plassering mellom Bergen og Oslo er bygda eit naturleg knutepunkt. Sjukehuset disponerer også personalhytte på Filefjell. Meir informasjon om Lærdal finn du her: Lærdal kommune.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med einingsleiarane.
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.