Vest-Telemark vidaregåande skule har ledig 100% fast undervisningsstilling innan faga norsk, samfunnskunnskap og sosiologi/sosialantropologi med oppstart frå 01.08.2026 eller så snart som råd.
Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vere undervisning i faga norsk, samfunnskunnskap og programfaget sosiologi og sosialantropologi på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Har du eit eller fleire undervisningsfag i tillegg til dei nemnte, kan undervisning i desse faga bli aktuelt på sikt.
Vi søkjer etter ein medarbeidar, adjunkt eller lektor, med PPU eller tilsvarande praktisk-pedagogisk utdanning og formell undervisningskompetanse i norsk, samfunnskunnskap og sosiologi/sosialantropologi.
Du må gjerne ha erfaring med klasseleiing og undervisning i vidaregåande skule eller frå ungdomstrinnet, men dette er ikkje eit krav.
Ved behov kan det bli endringar i innhaldet i stillinga.
Gode samarbeidsevner er viktig for det kollegiale og faglege samarbeidet, men og for å få til det beste laget rundt eleven. Vi ynskjer medarbeidarar som trivst saman med ungdom og som kan etablere og halde på gode relasjonar. I tillegg må du kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og samvitsfullt. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Ved Vest-Telemark vidaregåande blir du del av eit inkluderande og humørfylt arbeidsmiljø. For regionen utgjer skulen ein kompetansearbeidsplass med rom for fagleg utvikling og deltaking i eit spennande profesjonsfellesskap. Arbeidstid i tråd med gjeldande avtaler gir eit komprimert arbeidsår med fri i skulen sine feriar.
Du har rett på offentleg tjenestepensjon, ein av dei beste i landet. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer livet ut frå den dagen du sluttar å arbeide. Pensjonen har inkludert uføre- og etterlattepensjon.
Med pensjonsrett i SPK får du også medlemspris og gunstige betingelser på en rekke bank, forsikring og spareprodukt.