Politibetjent 3/2 med funksjon som etterforskar

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø-, og arbeidsmarknadskriminalitet, avsnitt for etterforsking av miljøkriminalitet, er det ledig ei fast stilling som politibetjent 3/2 med funksjon som etterforskar. 

Miljøavsnittet har ansvar for etterforsking av alvorleg miljøkriminalitet innanfor m.a. fiskeri, akvakultur, forureining, natur og fauna, kulturminne og dyrevelferd. Avsnittet etterforskar og førebyggjer alle typer saker innan indre og ytre miljø og dessutan store ulykker. Miljøavsnittet består av ein avsnittsleiar, fire politifaglege etterforskingsleiarar, miljøkrimkoordinator og to spesialmedarbeidarar. Avsnittet samhandlar tett med fire faste påtalejuristar. Stillinga er stadsplassert i Bergen. Stadsplassering i Florø kan vurderast for aktuell kandidat. Ein må rekne med noko reiseverksemd i heile distriktet. 

Våre medarbeidarar er fagleg dyktige og dedikerte innanfor sitt fagfelt, og arbeider sjølvstendig og i team med komplekse straffesaker. Me tilbyr eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer og leiarar, som saman spelar kvarandre gode og ønskjer å utgjere ein forskjell. Me søkjer deg som er heilskapsorientert, evnar å nå mål saman med andre, og ønskjer å setja retning innan etterforskingsarbeidet. Du evnar å utfordra det etablerte for å driva mest mogleg effektivt, og levera høg kvalitet i arbeidet.

Me er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal me førebyggja og få bukt med kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Me trur at mangfald bidreg til betra oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil me gjera vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser me etter hos ein ny medarbeidar

Me ser etter motiverte medarbeidarar som er interesserte og har evne til i å fordjupe seg i etterforsking av komplekse straffesaker som blir etterforska ved avsnittet. Me stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og motivasjon. Du må vera systematisk, engasjert og ha evne til å samhandle godt med både interne og eksterne samarbeidspartnarar. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko me vil leggja vekt på, og dessutan evne til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • Taktisk etterforsking i straffesaker som fell inn under miljøavsnittet sitt ansvarsområde
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Bidra til at tenesta blir utført effektivt og innanfor vedtekne mål og rammer
  • Bidra med bistand og rettleiing til politidistriktet innanfor fagområdet
  • Yte bistand og rettleiing til påtalemakta før, under og etter rettsforfølging av straffesaker
  • Handtere og analysere store informasjonsmengder
  • Delta på aksjonar
  • Gjennomføre avhøyr
  • Delta i obligatorisk årleg opplæring (HEVE)
  • Utføre andre relevante oppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
  • Tilfredstille kompetansekravet for politibetjent 3/2
  • Erfaring med etterforsking 
  • Interesse og motivasjon for å jobbe med kompleks etterforsking
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • AOP godkjend, eventuelt villig til å oppnå godkjenning
  • God kjennskap til IT-systema til politiet
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må
    hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju

Det er også ønskjeleg med:

  • Miljøfagleg/økonomifagleg erfaring og/eller vidareutdanning
  • Gode ferdigheter i prosjektmodulen Indicia
  • Vidareutdanning i etterforskning (VEF)
  • Anna fordjupning i etterforskningsfaget

Personlege eigenskapar

  • Kommuniserer tydeleg og byggjer gode relasjonar, og samarbeider profesjonelt med både interne og
    eksterne aktørar
  • Mål- og resultatorientert med evne til å prioritere, ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne
  • Arbeider analytisk, strukturert, detaljorientert samt sjå heilskap
  • Sterk motivasjon for å arbeide med kompleks etterforsking, og ønskjer å bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Være fleksibel, positiv og løysingsorientert

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattforma her.


Dette kan me tilby om du vel oss

  • Stillinga vert lønna som politibetjent 3/2 (stillingskode 1461/1459) med funksjon som etterforskar, med årslønn: 
    • politibetjent 3/ SKO 1461: frå kr 630 000.- brutto per år. For politibetjent 3 kommer etterforskartillegg etter gjeldende reglar i tillegg. 
    • politibetjent 2/ SKO 1459: frå kr 540 000.- brutto per år
    • Vidare lønnsutvikling vil skje i samsvar med hovudtariffavtalane i staten.
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode arbeidsvilkår 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les
    meir her

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.