100 % vikariat som helsefagarbeidar i Heimetenesta

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledig fast 100 % stilling som helsefagarbeidar i Heimetenesta frå 21.09.26 - 26.09.27

Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Helsefagarbeidarar har eit fagleg ansvar på vakt. Dette inneber faglege vurderingar, utføring av helsefaglege prosedyrar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og brukarar.

Den ledige stillinga har stort sett 14-timars langvakter, nokre dagvakter og arbeid kvar 4. helg. På langvakter har ein pause på 1,5 timar i løpet av vakta i tillegg til to lunsjpausar. 


Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak
  • Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning
  • Legemiddelhandtering
  • Primærkontaktansvar
  • Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta
  • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
  • Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Veiledning av elevar og lærlingar i avdelinga 
  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonskrav

  • Krav om autorisasjon som helsefagarbeidar 
  • Krav om å beherske vanleg IKT verktøy
  • Førarkort klasse B
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk. 
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
  • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Vi tilbyr

  • God opplæring 
  • Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling 
  • Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver 
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjonsvillkår
  • Ei av Noregs vakraste øyer som arbeidsstad

Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!