Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Arbetsbeskrivning

Vil du bli ein del av teamet vårt?
Vi har ledig eit 75 % vikariat som sjukepleiar ved akuttmottaket på Volda sjukehus. Her får du arbeide i ei spennande og variert avdeling med høgt tempo, sterkt fagleg fokus og godt tverrfagleg samarbeid.
Vikariatet varer ut februar 2027, med oppstart 1. september  eller etter nærare avtale. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i tredelt turnus (dag-, kveld- og nattevakter) med arbeid kvar tredje helg
  • Ivaretaking av akutt og kritisk sjuke pasientar, og oppfølging av deira pårørande
  • Tett samarbeid med kollegaer i tverrfaglege team
  • Sjølvstendig utøving av sjukepleiarfaglege oppgåver og ansvar
  • Halde deg fagleg oppdatert og aktivt nytte avdelinga si kompetanse- og læringsplattform

Kvalifikasjonar

  • Gyldig norsk autorisasjon som sjukepleiar eller spesialsjukepleiar
  • Minimum to års erfaring som sjukepleiar, gjerne frå akuttmedisinsk verksemd eller spesialisthelsetenesta

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv, engasjert og trivst i eit arbeidsmiljø i stadig utvikling
  • Du er fleksibel og tilpassar deg raskt nye situasjonar og utfordringar
  • Du har godt humør og bidreg til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Du er løysingsorientert og bevarer ro og oversikt i hektiske situasjonar
  • Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med både kollegaer, pasientar og pårørande
  • Du tek ansvar, arbeider sjølvstendig og bidreg aktivt til fagleg utvikling i avdelinga

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her. 

Kontaktinformasjon

Hedvig Tone Høydalsvik, Seksjonsleiar, 70058686, [email protected]

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5155538781
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 28.02.2027
Søknadsfrist: 28.07.2026