Vil du vere med og utvikle ei framtidsretta helse- og omsorgsteneste i kommunen?
Vi søkjer ein engasjert og strukturert rådgjevar til sektor helse og omsorg. Stillinga er nyoppretta og har ei sektorovergripande rolle, med mål om å støtte leiarar og bidra til heilskapleg utvikling av tenestene.
Arbeidsoppgåver
- Gi råd og fagleg støtte til leiarar i sektor helse og omsorg
- Koordinere prosjekt- og utviklingsarbeid på tvers av avdelingane
- Utgreiings-, rapporterings- og sakshandsamingsoppgåver
- Arbeid med kvalitetssystem, internkontroll og oppfølging av lov- og avtaleverk
- Ha ei viktig rolle i økonomisk forvaltning av felles budsjettpostar i sektoren
- Utarbeide høyringsuttalar og faglege innspel ved behov
- Ta i bruk digital kompetanse og bidra i endrings- og utviklingsarbeid, mellom anna innan bruk av nye digitale løysingar og KI
- Oppgåvene i stillinga vil kunne endre seg over tid, i takt med behov i sektoren.
Kvalifikasjonar
- Høgare helse- og sosialfagleg utdanning, minimum bachelor.
- Erfaring frå helse- og omsorgstenester, gjerne frå kommune
- Erfaring frå kvalitets- og utviklingsarbeid, utgreiing og/eller sakshandsaming
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk
Personlege eigenskapar
- Strukturert og sjølvstendig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Analytisk og løysingsorientert
- Evne til å arbeide på tvers av fagmiljø og organisasjonsnivå
Vi tilbyr
- Ei nyoppretta, spanande og meiningsfull stilling i ein sektor i utvikling
- Moglegheit til å påverke og bidra til heilskaplege løysingar
- Godt fagmiljø og tett samarbeid med leiarar
- Løn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Elin Høydal Vatne, Avd.l helse- og forvaltning, +47 91555970,
[email protected]
Arbeidsstad
Stormyra 2
6100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5156585480
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2026