Rådgjevar

Arbetsbeskrivning

Vil du vere med og utvikle ei framtidsretta helse- og omsorgsteneste i kommunen?
Vi søkjer ein engasjert og strukturert rådgjevar til sektor helse og omsorg. Stillinga er nyoppretta og har ei sektorovergripande rolle, med mål om å støtte leiarar og bidra til heilskapleg utvikling av tenestene.

Arbeidsoppgåver

  • Gi råd og fagleg støtte til leiarar i sektor helse og omsorg
  • Koordinere prosjekt- og utviklingsarbeid på tvers av avdelingane
  • Utgreiings-, rapporterings- og sakshandsamingsoppgåver
  • Arbeid med kvalitetssystem, internkontroll og oppfølging av lov- og avtaleverk
  • Ha ei viktig rolle i økonomisk forvaltning av felles budsjettpostar i sektoren
  • Utarbeide høyringsuttalar og faglege innspel ved behov
  • Ta i bruk digital kompetanse og bidra i endrings- og utviklingsarbeid, mellom anna innan bruk av nye digitale løysingar og KI
  • Oppgåvene i stillinga vil kunne endre seg over tid, i takt med behov i sektoren.

Kvalifikasjonar

  • Høgare helse- og sosialfagleg utdanning, minimum bachelor.
  • Erfaring frå helse- og omsorgstenester, gjerne frå kommune
  • Erfaring frå kvalitets- og utviklingsarbeid, utgreiing og/eller sakshandsaming
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Analytisk og løysingsorientert
  • Evne til å arbeide på tvers av fagmiljø og organisasjonsnivå

Vi tilbyr

  • Ei nyoppretta, spanande og meiningsfull stilling i ein sektor i utvikling
  • Moglegheit til å påverke og bidra til heilskaplege løysingar
  • Godt fagmiljø og tett samarbeid med leiarar
  • Løn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtaleverk

Kontaktinformasjon

Elin Høydal Vatne, Avd.l helse- og forvaltning, +47 91555970, [email protected]

Arbeidsstad

Stormyra 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5156585480
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2026